Til hovedinnhold

Psykisk helse i folkehøgskolen: – Trenger mindre prat - mer handling

Hildegunn Gjesdal Tennebø mener folkehøgskolen er en god arena for fokus på psykisk helse. Foto: Privat og Emma Sofie Steinsland

Innlegg skrevet av Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor på Nordfjord folkehøgskole.

Tekst: Hildegunn Gjesdal Tennebø, sist oppdatert: 09.10.2025

I samband med Verdsdagen for psykisk helse har Opinion gjort ei undersøking som syner at. 1 av 3 meiner vi ikkje er mentalt rusta til å handtere ei uventa krise. Det er eit alvorleg signal. Det er også eit paradoks at det aldri tidlegare har vore snakka meir om psykisk helse, samstundes som rapportane om dårleg psykisk helse vert stadig fleire.

Kan det vere at det må til meir handling og mindre snakk?

Her bidreg folkehøgskulane godt. Vi samlar elevar både frå såkalla ressurssterke miljø og dei som har hatt mindre stabile strukturar rundt seg. Folkehøgskulane er ikkje nokon institusjon for menneske med dårleg psykisk helse, men eit skuleslag der livsutrustinga skjer både i undervisningssituasjonar, i matsalen og på internatet om kvelden.

 

Nordfjord folkehøgskule

Sted: Gloppen
Elevplasser: 140
Linjer: 12
Undervisning pr. uke: 30 timer
Verdigrunnlag: Kristen

Les mer om skolen

Enkle tiltak i praksis

På vår skule er det sjeldan at psykisk helse står som isolert tema på timeplanen. Mange elevar syns dei har høyrt meir enn nok om temaet. Til gjengjeld gjer vi heilt konkrete, enkle tiltak gjennom kvardagane:

Før turdagen startar får alle utfordringa om å melde ærleg inn til gruppa ved å vise ein til fem fingrar: kva dag har du i dag? Er det ein firar-dag? Er du nede på to? Gruppa ser, veit og ber.

Rutinar for mat, søvn og praktisk arbeid er lagt inn skuleåret. Er du ikkje oppe til frukost, har du heller ikkje niste på roturen. Konsekvensane av om du skulkar oppvasken er at andre får større belastning,- kven vil du vere? Ein som tek ansvar eller ein som snik seg unna? Erfaringar og meistring går hand i hand.

Det sosiale fellesskapet kring bordet eller i gymsalen gir moglegheit for å kople ut eige tankemas, og er ikkje minst ei nødvendig pause frå digitale impulsar. Den umiddelbare kommunikasjonen mellom folk, utan ein skjerm i mellom styrker opplevinga av å vere sett og høyrt. Leirbål og elevkveldar med gapskratt og situasjonar der folk byr på seg sjølv; alt dette bygger folk innanfrå og ut. Det gir nettverk, glede og trua på at vi er sterke nok, kan nok og er likt for den ein er.

Folkehøgskulane sine bidrag er store for enkeltmenneske, men også på samfunnsnivå. For dei som har med seg gode og solide steinar i sin menneskelege grunnmur vil også lettare kunne bidra inn mot andre. Det er dette som kan gje samfunnet psykisk beredskap når utrygge tider og kriser rammar oss.

Opptaket starter 15. november

Søk tidlig og få svar raskt

Se linjer og skoler
9

Mest lest

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Flere tusen søkere gjør denne tabben når de søker folkehøgskole. Det går…

Slik fungerer søknadsprosessen på folkehøgskolene

Slik fungerer søknadsprosessen på folkehøgskolene

Vi forklarer prosessen, fra søknad til skolestart.

Opptaket til folkehøgskolene er i gang!

Opptaket til folkehøgskolene er i gang!

I disse dager er det mange som venter i spenning enten ved…

Start på folkehøgskole i januar!

Start på folkehøgskole i januar!

Visste du at du kan begynne på folkehøgskole i januar? Søk nå…

Folkehøgskolene reiser nå ut til over 200 videregående skoler. Sjekk…

Folkehøgskolene reiser nå ut til over 200 videregående skoler. Sjekk…

I disse dager drar tidligere og nåværende folkehøgskoleelever på utdanningsmesser og videregående…

Mest delt

Start på folkehøgskole i januar!

Start på folkehøgskole i januar!

Visste du at du kan begynne på folkehøgskole i januar? Søk nå…

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Flere tusen søkere gjør denne tabben når de søker folkehøgskole. Det går…

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2026/2027.

Jubel på folkehøgskolene: Elevene beholder stipend

Jubel på folkehøgskolene: Elevene beholder stipend

Jubelen er stor ute på folkehøgskolene. I natt ble det klart at…

Når bør du søke folkehøgskole?

Når bør du søke folkehøgskole?

Folkehøgskolene tar opp elever på en helt annen måte enn andre skoleslag.…