The Christian folk high schools are built on Christian values. They are owned by, or associated with, Christian organizations or denominations. They encourage students with different interests and beliefs to apply.
Food: Vegetarian
Most schools will accommodate food allergies and other dietary needs. If you have questions, please contact the school directly.
Environmental certification:
Fairtrade
•
Grønt flagg
Location: Ulsteinvik
Study tour for the course: Treningsleir Europa
Study tour for the school: Geiranger, Pudderjakt, Gøy-på-landet
På denne linja vil du lære så mykje om trening og helse at du rett etter skuleslutt kan bli sertifisert som Personleg Trenar i samarbeid med AFPT. Dei er størst i Norden på PT-utdanning. Faktisk kan du få 30 studiepoeng med på kjøpet om du ynskjer det. Det skjer i tilfelle via Høgskulen i Volda. Normalt kostar dette 60 000 kr. Du får det inkl. i linjekostnadane.
Innhald I løpet av året vil du lære om treningsmetoder, programdesign, ernæring, anatomi, fysiologi, treningslære, bevegelighet, skadeforebygging, utholdenheit og mykje anna.
Treningssenter Undervisninga vil foregå på Sporty sine to treningssenter i byen. Her finn du ein crossfit-rigg, ein spinningsal, ein sal for gruppetreningar og det du treng av apparat og lause vekter. For 500 kr for eit heilt skuleår har du fri tilgong til treningssenter, klatrehall og badeland.
Folkehøgskuleår Du får meir: Saman med andre linjer får du ballspel, surfing, RIB, vannsport, klatring, Via Ferrata og toppturar på ski og til fots i Sunnmørsalpane. I november venter ein treningsleir i varmare strøk med massevis av workshops. I sum får du dermed det beste av trening og eit folkehøgskuleår.
Kurs Hvis du ynskjer PT-sertifisering må du naturleg nok vere motivert for å jobbe målretta på fritida. Klarer du ein praktisk og teoretisk test rett etter skuleslutt har du ei EHFA nivå 4-sertifisering som gjer deg svært attraktiv som PT i inn- og utland. I tillegg kan du altså få 30 studiepoeng.
Eigentleg er valget lett: Berre pakk treningsbag’n og kom!
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Når mørkret og kulda kjem i november dreg du på treningsleir til sol og varme. Sunnmøre kan by på mange fantastiske naturopplevingar, men akkurat november måned er ikkje 10/10 på Vestlandet. Då dreg du i staden på treningsleir ein eller anna stad der temperaturen er høgare og der sola sørger for rikeleg med tilførsel av D-vitaminar. Dette blir dagar med mykje trening, ulike workshops og bunnsolid fagleg påfyll.
Sidan dette er ei ny linje er reisemålet for studieturen ikkje heilt bestemt enno, men både Spania og Egypt kan vere aktuelle lokasjoner. Uavhengig av reisemål blir det uansett dagar spekka med linjeinnhald og fellesskapsopplevinger. Alle kostnadane til turen er inkludert i skulepengane.
14 dagar med kortreist glede På di nye heimebane får du mange dagar på tur med heile skulen. Saman med turistar frå heile verda får du sjå verdsarvområder i Geiranger med djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar.
I Ålesund, Norge sin vakraste by, tar du ein espresso og på fuglefjellet Runde ser du lundefuglen side om side med dedikerte naturfotografar med fotoutstyr til verdiar tilsvarende ein Tesla.
På Bjorli ventar ei veke på ski på det som kanskje er den mest snøsikre staden i landet. På Strandafjellet Skisenter helsar du på skiprofilar og får laussnøkøyring i verdsklasse midt i Sunnmørsalpane.
Året avsluttast på Hakallegarden. Då overtar skulen ein stor opplevingsgard og lagar ein "gøy-på-landet"-festival spekka med rare dyr, god mat, konsertar, diverse workshops, barbeque og cowboyfest.
Best av alt: Neste år er det din tur.
Geiranger
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Det aller meste av det beste byrjar med ein god start. Det gjer også eit folkehøgskuleår
Etter tre-fire veker på skulen sjekkar du inn på vakre Orreneset Leirstad i Sykkylven, midt mellom bre, fjell og fjord i Sunnmørsalpane. Der kan du gå på fjelltur, ta eit morgonbad, sove i hengekøye, spele fotball og volleyball, padle, ete god mat og avslutte ein fullspekka dag i fred og ro framfor leirbålet.
Høgdepunktet for mange er likevel turen inn Geirangerfjorden i eigen sightseeingbåt. Då får du sjå dei verdskjende fossane og dei stupbratte fjellsidene på nært hald. Du får også med deg ein tur opp til den spektakulære fjellgarden Skageflå. Det er på sånne dagar du forstår kvifor cruiseturistar frå heile verda har Geiranger på si bucket list.
På denne turen får du god tid til å betre kjend med dei nye klassekameratane dine. Når du kjem attende til skulen har du lært fleire namn og fått fleire nye venner enn du trudde kunne vere mogleg på få dagar.
Pudderjakt
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø og gode skiopplevingar
Bjorli Skisenter er eit av dei mest snøsikre stadene i landet og byr på nydeleg skikøyring i dei elleve nedfartane. Her er løyper med variert vanskegrad - alt frå ein fem km lang nybyrjarvenleg rundløype til ein utfortrase rekna på Europacup-køyrarar som har det veldig travelt.
Bjorli byr også på fin, heisnær skogskøyring om du er av dei som likar det best. Her er små klippar du kan droppe frå, og dette er ein flott stad for å oppleve trygg og lett tilgjengeleg offpiste-køyring.
Dette er sosiale dagar med mykje skiglede i løypene, i parken, i laussnøen eller i solveggen utanfor varmestova. På kveldstid ventar god mat og like god underhaldning på Bjorliheimen som er eit tidlegare hotell. Og har du meir energi til overs, er det også mogleg å få seg ein treningstur i supre langrennsløyper.
Dette er kort oppsummert ei veke som dessverre er over alt for fort!
Gøy-på-landet
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
På slutten av skuleåret pakkar vi soveposar og lavvoar og lagar vår eigen festival på ein bondegard.
Hakallegarden er ein opplevingsgard som har besøk av titusenar av turistar i løpet av eit år. Ei lita veke i slutten av april er det vi som tek over drifta av staden. Då er det til dømes du som skal stelle og fòre alpakkaen, påfuglen, eselet og miniatyrhestane. Og det er du som skal køyre Gråtass-traktoren.
Men festivalen er mykje meir enn berre dyrestell og gardsarbeid. Her er det mogleg å velje workshops der du kan padle på storhavet, segle i nordavinden, fiske frå ei 40-fots fiskeskøyte, vere med på RIB-turar, tove ull, lage batikk t-skjorter, flette eiga hengekøye, stisykle eller ete indrefilet steikt på bål i ein kjele med sand.
På ettermiddag- og kveldstid er det cowboyfest og linedance, kulturaften, konsertar, barbeque og konkurransar i bæring av staur, hesteskokasting og bogeskyting. Trøytt og utslitt går du og legg deg i soveposen i ein lavvoleir med plass til 120 medelevar.
Det er dette som er “Gøy på landet”.
The school has the YMCA-Mission and Christian anthropology as basis for the teaching. Our main subjects are: * Sport.Ballplay * Outdoor life (Multisport) * Water & ski * Music *Golf. You can travel to Ulsteinvik by airplane, bus and boat.